Himmelske toner har gleden av å invitere til Jubileumsfinale for Kristenrettsjubileet på Moster med konserten Himmelske toner gjennom 1000 år “Det første i vår lov” i Moster Amfi 2. Juni 2024 kl. 21.30-23.00

Søndag 2. juni kl. 21.30, vil foreininga Himmelske Toner fylle Moster Amfi med vakre harmoniar for å feire dei tusen åra som har gått etter Kristenretten blei satt.

Dei har fått æra av å avslutte Jubileumsveka med ein formidabel konsert saman med nasjonale artistar - alle med solid bakgrunn og kjennskap til dei ulike sjangrane innan norsk folke- og kyrkjemusikk. Kjente songarar som Hanne Krogh og Inger Lise Rypdal vil synge oss gjennom vår historie, saman med lokale musikarar og solistar som Arne Kvarven, Åsne Valland Nordli, Filip Stav og Ingebjørg Andrea Ådnanes. Korene Bremnes Kantori og Ad Libitum frå Sveio vil væra med å gjera denne junikvelden i Moster Amfi til ein uforgløymeleg kveld!

Foreininga Himmelske Toner avholdt i juni 2023 ein storslått korkonsert i Nidarosdomen med eit prosjektkor på 180 songarar. Konserten blei utseld med tusen publikum til stades. Konserten var utforma som ein takk til Gud for at han «sende sitt ord til Noregs fjell, og ljos over landet strøymde»...

Me ønskjer med dette å invitera alle med på ei musikalsk historieforteljing - både som tilhøyrar og deltakar i allsongen, der me syng oss igjennom vår nasjons himmelvende songar gjennom ei historisk tidslinje - til å syngja songar som er sunge av alle lag av folket gjennom heile vår historie, alt frå kjende og kjære salmar, gospel og lovsong, men også mindre kjent materiale, frå 1000 år tilbake i tid.

Programhefte er inkludert i billettprisen.‍

Info til dei som er avhengig av nattferjer: 

Til Bergen (frå Sandvikvåg): Kl. 00:50

Til Stavanger (frå Arsvågen): Kl. 01:30

Til Kvinnherad (frå Skjersholmane): Kl. 00:55.

Arrangør: Foreningen HIMMELSKE TONER / Moster2024.

Vennlig hilsen

Haakon Georg Moe

Prosjektleder – HIMMELSKE TONER

Tlf. 957 48 671

E-post: hg.moe@online.no